page view image

Furnes/Mjanger duo

Konsert med Simon Furnes (gitar) og Henning Hodne Mjanger (gitar)
(Dørene åpner 18.30)

Information
event image

Første konsert i haust er Furnes/Mjanger duo - ein rykande fersk duo med to gitaristar som begge har hatt sin oppvekst i Nordhordland. I 2019 spelte dei begge på BKK sine julekonsertar i Bergen og etterkvart kom idéen om å gjere konsertar som duo. No held dei sin første konsert på Galleri Gamleskulen, og vil her mellom anna spele låtar frå standardjazz-tradisjonen og eigne komposisjonar. Instrumental musikk med fokus på improvisasjon. Felles for dei begge er inspirasjon frå gitaristar som Julian Lage, Bill Frisell og Pat Metheny.

Mjanger hadde nyleg sin masterkonsert på Nattjazz i Bergen som avslutning på utøvande studier ved Griegakademiet. Mjanger har spela i mange ulike samanhenger med artister som Martin Halla, Anne Hvidsten, Emma Steinbakken og Eva Weel Skram. Furnes har nyleg avslutta utøvande masterstudier ved Universitetet i Agder og har dei siste åra spela på ulike jazzfestivalar, VG-lista og gjort oppvarming for artisten Sigrid.