page view image

Konsert med Furnes/Mjanger duo

Instrumental jazz med ein rykande fersk duo. Simon Furnes (gitar) og Henning Hodne Mjanger (gitar).

Information
event image

Furnes/Mjanger duo er ein rykande fersk duo med to gitaristar som begge har hatt sin oppvekst i Nordhordland. I 2019 spelte dei begge på BKK sine julekonsertar i Bergen og etterkvart kom idéen om å gjera konsertar som duo. No heldt dei sin første konsert på Galleri Gamleskulen og vil her mellom anna spela låtar frå standardjazz-tradisjonen og eigne komposisjonar. Felles for dei begge er inspirasjon frå gitaristar som mellom anna Julian Lage, Bill Frisell og Pat Metheny. 

Simon S. Furnes er ein gitarist og komponist frå Alversund, nord for Bergen. Våren 2025 fullførte han sin mastergrad i rytmisk utøvande musikk ved Universitet i Agder. Simon har spelt i ei rekke samanhengar med forskjellige prosjekter innan ulike sjangere - alt frå VG-lista, event-oppdrag, oppvarming for Sigrid til jazzfestivaler med andres og eigen musikk. 

Henning Hodne Mjanger frå Mjanger i Nordhordland er hausten 2025 ferdig med sin master i utøvande jazz på Griegakademiet og hadde nyleg sin avslutningskonsert på Nattjazz i Bergen. Mjanger har dei siste åra jobba i mange ulike konstellasjoner og spelt med mellom anna artistar som Martin Halla, Anne Hvidsten, Elias Salbu, Emma Steinbakken, Eva Weel Skram og Ole Børu