Konsert med Furnes/Mjanger duo
Instrumental jazz med ein rykande fersk duo. Simon Furnes (gitar) og Henning Hodne Mjanger (gitar).
Furnes/Mjanger duo er ein rykande fersk duo med to gitaristar som begge har hatt sin oppvekst i Nordhordland. I 2019 spelte dei begge på BKK sine julekonsertar i Bergen og etterkvart kom idéen om å gjera konsertar som duo. No heldt dei sin første konsert på Galleri Gamleskulen og vil her mellom anna spela låtar frå standardjazz-tradisjonen og eigne komposisjonar. Felles for dei begge er inspirasjon frå gitaristar som mellom anna Julian Lage, Bill Frisell og Pat Metheny.
Simon S. Furnes er ein gitarist og komponist frå Alversund, nord for Bergen. Våren 2025 fullførte han sin mastergrad i rytmisk utøvande musikk ved Universitet i Agder. Simon har spelt i ei rekke samanhengar med forskjellige prosjekter innan ulike sjangere - alt frå VG-lista, event-oppdrag, oppvarming for Sigrid til jazzfestivaler med andres og eigen musikk.
Mjanger hadde nyleg sin masterkonsert på Nattjazz i Bergen som avslutning på utøvande studier ved Griegakademiet. Mjanger har spela i mange ulike samanhenger med artister som Martin Halla, Anne Hvidsten, Emma Steinbakken og Eva Weel Skram. Furnes har nyleg avslutta utøvande masterstudier ved Universitetet i Agder og har dei siste åra spela på ulike jazzfestivalar, VG-lista og gjort oppvarming for artisten Sigrid.