page view image

Kvinners motstandskamp i 2. verdenskrig

Informasjon
event image

Kvifor kjenner «alle» til Max Manus og Kjakan, medan historia om kvinnene som risikerte livet i motstandskampen har fått så lite merksemd?

Historikar og forfattar Mari Jonassen kjem til Galleri Gamleskulen for å løfta fram dei norske kvinnene sin innsats under andre verdskrigen. Med utgangspunkt i boka «Norske kvinner i krig 1939–1945» får me høyra om ukjende heltar frå heile landet – kvinner som dreiv med etterretning, flyktninghjelp, illegal presse og til og med sabotasje og våpentrening.

Etter foredraget blir me betre kjend med lokale motstandskvinner  i Nordhordland. Reidar Konglevoll fortell oss meir om lokale heltar.

Etter innlegget til Reidar Konglevoll legg me opp til samtale og refleksjon. Marthe Christine Valle blir me oss i panelet, leia av redaktør i Nordhordland Vegard Flatøy. Me får høve til å stille spørsmål knyt til tema. Dette blir ein lærerik og tankevekkjande kveld om mot, kamp og kvardagsliv i ei unntakstid – sett gjennom kvinnenes auge.

Det blir musikalske innslag ved Hanne Vatnøy.