page view image

Sankta Sunnivadagar

Mat, foredrag, konsert, ikonutstilling, bokbad og kystpilegrimsleia.
To dagar med «vandring» i Sankta Sunniva-legenden. Vi samlast fyrst laurdag kl. 12.00 rundt eit tradisjonelt vandrar-måltid i skulestova frå 1889 i Eikangervåg.

Informasjon
event image


Sunniva-dager er et arrangement over to dager, 13-14 april. Billett for begge dager kr. 590.-, Billett for en dag kr. 290.-. 

Det er også billetter til enkelt-arrangement søndag kr. 150.-, og konsertbillett til Maria Vocalis lørdag kr. 200.-.

Dørene åpner kl. 12.00 begge dager der vi invitere til felles bord-sete med suppe, slik som vandrerne på pilegrims-rutene praktiserer.

PROGRAM

LØRDAG 13. APRIL

12.00 Felles vandrar-måltid

13.00 Foredrag ved Alf Tore Hommedal frå UIB om Sunniva-legenden

14.15 Presentasjon av ikonutstilling med Sunniva-motiv ved ikonmålar Gro Fyllingsnes 

15.15 Kaffipause

16.00 Konsert med kammerkoret Maria Vocalis

Omtale 

Alf Tore Hommedal fra UIB som gjev oss bakteppet for Sunniva-helgenen - den irske kongsdottera som flykta frå ein vill vikinghøvding som ville ha henne, og i staden hamna på Selja. Historia har framleis aktualitet etter 1000 år, men på nye måtar. For mange er Sunniva blitt eit symbol for ei kvinnerolle der ein strebar etter mot og sjølvstende og står opp for seg sjølv. I vår tid er det også ein renessanse for pilgrimsvandring. Men der målet tidligare var å nå heilage stader, er målet i dag å vera på veg.

Før kaffien presenterer ikonmålar Gro Fyllingsnes ei utstilling med ikonmaleri av Sankta Sunniva. Laurdagen vert avslutta med konsert med kammerkoret Maria Vocalis. 

SØNDAG 14 APRIL

12.00 Felles vandrar-måltid

13.00 Bokbad med Kjersti Isdal. Boka "Segner frå Nordhordland"

14.15 Foredrag ved Lisbet Mikaelsson fra UIB. « Kva gjer Sunniva-skikkelsen relevant i vår tid ?» 

15.15 Kaffipause

16.00 Innlegg ved Margunn Pettersen. Forfattar av boka» Kystpilegrimsleia Egersund-Trondheim».

Omtale

I bokbadet blir vi kjent med Kjersti Isdal sitt arbeid med boka "Segner frå Nordhordland - mytiske vette og kulturhistorisk magi». Historiene bidrar til å byggja bru mellom fortid og notid. 

Før kaffien tar Lisbeth Mikaelsson frå UIB oss med på ei utforskning av av kva det er som gjer Sunniva-skikkelsen relevant i vår tid. 

Vi avsluttar med eit innlegg av Margunn Pettersen, forfattar av boka «Kystpilegrimsleia Egersund - Trondheim». Her får vi praktiske tips for lokal pilegrimsvandring.

Arrangør : Eikanger kultur/Galleri Gamleskulen. Med-arrangørar: Musikkens venner Nordhordland og Alver bibliotek.