Herman og huldra

Historisk spel

page view image
Evenemangsdatum

fredag 20 jun 2025 19:00

avslutas söndag 22 jun 2025 21:00
Beställ

Om du har en kampanjkod, använd den här

Tillgängliga artiklar

ticket item
Herman og huldra. Fredag 20. juni 19.00.
ticket item
Herman og huldra. Lørdag 21. juni 19.00.
ticket item
Herman og huldra søndag 22. juni 19.00.
ticket item
Herman og huldra. Billett for barn t.o.m 15 år. Fredag 20. juni 19.00.
ticket item
Herman og huldra. Billett for barn t.o.m. 15 år. Lørdag 21. juni 19.00.
ticket item
Herman og huldra. Billett for barn t.o.m. 15 år. Søndag 22, juni 2025 19.00.
Herman og huldra. BT Fordel. Intill to billetter. Fredag 20. juni kl. 19.00
Herman og huldra. BT Fordel. Inntil to billetter. Lørdag 21. juni kl. 19.00
Herman og huldra. BT Fordel. Inntil to billetter. Søndag 22. juni 19.00
event image

Evenemangsinformation

Opplev bygdeliv, draumar og dramatikk når "Herman og huldra" set nytt liv til historia i Eikangervåg - helga før jonsok i idylliske Vikje innerst i bukta.  

Helga før jonsok 2025 set vi på nytt opp det historiske spelet «Herman og huldra» på den veglause husmannsplassen Vikje i Eikangervåg, Alver kommune.

Vi er nærare 55 deltakarar som gler oss til å gje publikum ei levande og ekte oppleving av Eikangerbygda tilbake i tid. Stykket handlar om livet i Eikangervåg rundt forrige århundreskifte, og er basert på historiske kjelder, forteljingar og tekstar frå Herman sjølv. Her møter ein bygdeliv, amerikadraumar og livets sorger og gleder i ei lita bygd i ei stor verd, og det heile krydra med huldra sitt stadige nærver.

Dette er ikkje ein dokumentar om Herman, men ei forteljing om eit menneske, eit miljø og ei tid. Men mest av alt er det eit håp at stykket får vist fram det almennmenneskelege. Kjensler og tankar som alltid er der, uavhengig av tid.

Nytt av året er Cato Jensen frå Salhus som lærar og forteljar, og ei gruppe på 13 barn og unge frå Musikaljentene som gjev liv til dei underjordiske med dans og innleving.

Manus og regi er ved Lars Voss Sørhus

Arrangör
Eikanger kultur